Handverk

PALL0070_mono.jpg

Auga som ser

Det å bygge din draum er eit ansvar me tek på ramme alvor. Estetikk og kvalitet, uttrykk og beliggenhet i terrenget. Materialvalg og bruk av ulike materialer. Trevirke, betong, laftetømmer eller elementer. Røta byggjer solid, og ynskjer å halde tett dialog med deg som skal bu og bruke bygget i lang, lang tid framover. Kva er rett for deg og ditt prosjekt? Det er auga som ser, og me vil gjere alt me kan for at akkurat ditt prosjekt blir slik DU vil ha det, og at det står og høver fint i det terrenget det skal bygges i.

rota-handverk2.jpeg
 

Røta er arbeid utført av erfarne handverkarar som har lært av dei eldre.

 
 
rota-farge-rod.png

Den gamle skula, med nye tankar

Grunnleggarane av RØTA AS har gått den såkalla gamle skula. Med dette meiner me at læretid og innsikt i faget har blitt overført frå fagfolk som har med seg det gode solide handverket, og at me har utvikla firmaet vårt til å forvalte eit fagleg fokus og innhald. Me vil rett og slett bygge på ein måte som gjer at det framstår som ektra solid, heilhetleg og med gode varige løysingar, både ute og inne.

Hammar og sag

Er det slik at ein snikker i dag bruker hammar og sag? Ja, er svaret. Våre snikkarar har utstyret i orden, og det er mykje av det. Det kreves både hammar, sag og handverktøy, skal ein få eit prosjekt til å passe og bli skikkeleg. Me tegner, konstruerer og bygger på solide handverkstradisjoner. Røta gjer alt i frå det grove arbeidet til finsnikkering, med presisjon og lidenskap. Du kan være heilt trygg på at me tek uss den tide som kreves, for at det ferdige resultatet blir godt og solid! Og då må ein bruke både hammar og sag!

PALL0070_2400.jpg

Spikeren på hovudet

Sjølv om mange spiker i dag er erstatta med skruer, så er prinsippet det samme. I prosjektet ditt er det avgjerande for Røta å treffe spikeren på hovudet. Me vil at du skal få det du vil ha og treng på hytta di, eller det nye prosjektet som du ynskjer å bruke uss til. Ein god og tett dialog mellom uss og Deg er nødvendig og avgjerande for ein god byggestart, samt undervegs i byggeprosessen.

Berre rette vinklar?

Mykje handlar om rette vinklar, eller i alle fall vinklar! Det er morosamt og utfordrande å bygge prosjekt som har eigenart. Eigenart betyr for uss, at DITT prosjekt er det ingen andre som har. Me tilpassar og formar bygget, akkurat slik DU vil ha det. Så om du vil ha rette vinklar; JA -så fer du det! Om du vil ha ein sving dit, eller ein sving dit… JA ! - så fer du det også.

PALL1182-web.jpg