Om Røta

Røta as er eit selskap som eigast og drivast av tre lokale handverkarar som alle har sterke band til heimbygda, fjellet og naturen og kulturen rundt seg. Dei har valgt å bu her, jobbe her og skape næringsvirksomhet her i eiga bygd. Desse tre karane har sine “røta” godt forankra i faget, familien og fortida, og med blikk for framtida i samme stund.

 
 
Snowtracks-web.jpg

Bærekraft

Korleis jobbar me med bærekraft her i selskapet vårt? Me skal prøve å forklare så tydelig og kjapt det går.

For uss i RØTA er det heilt avgjerande at du som framtidig bruker av hytta me byggjer, er trygg på at me har gjort alt me kan for at du har kjøpt eit mest mogleg bærekraftig prosjekt. Me jobbar med heile bærekraftbegrepet og håper at du også opplever det slik. Røta jobbar alltid for å være framtidsretta i alt arbeid, være gode på ressursutnytting i alle prosessar, jobbe for å bli levedyktige og bygge i fornybare materialer. 

Hjå RØTA er følgjande bærekraftreglar viktige

  • Me skal legge til rette for kompetanseheving for våre ansatte

  • Me skal gjennomføre eitt årlig prosjekt i lokalmiljøet og FOR lokalbefolkningen

  • Me skal avsette nok midlar til å kunne utvikle uss

  • Me lyfter fram lokale matprodusentar

  • Me skal ha økonomisk struktur og ryddigheit

  • Me skal ha fornøyde hytteeigarar

  • Me skal ha gode relasjonar til alle som er med i byggeprosessen.

  • Me skal utføre arbeidet med ydmyke handverkarar, som har glimt i auge

  • Me bidrar til trygge arbeidsplassar og godt arbeidsmiljø

  • Me skal bidra til heilheitlig familie- og arbeidstrivsel

  • Me skal jobbe kontinuerlig med utvikling av våre solide handverk

  • Me har, og utvikler stadig eigne hyttemodellar

  • Me ynskjer å levere mykje lokalprodusert, og jobber stadig med å produsere meir lokalt

Alle i RØTA strekkjer seg langt for at dú og ditt drømmeprosjekt blir akkurat slik som du har drøymt om, og kanskje til og med endå litt betre enn forventa.

Medarbeidarar

RØTA sine medarbeidarar har dedikerte arbeidsoppgåver som dei ynskjer å løyse med stolhet, effektivitet og faglig godt fundert! Her er ein presentasjon av gjengen.

  • Tore Fjordheim

  • Asle S. Mørk

  • Knut Erik Moen Slåtto

  • Marias Stefansson

  • Stein Martin Gaarder

  • Sindre Fjordheim